Skip to main content

Vandretur på Shetland

7. - 14. juni 2025.

Velkommen med på vandreturar i vikingane sine fotefar til Shetland. Vi startar med direktefly frå Bergen til Shetland, der vi bur fint til i den vesle bygda Brae. Derifrå skal vi utforske det grøne, gjestfrie landskapet i dette øysamfunnet som har så mange spor etter vikingane. Vi besøker dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof og stader som er sentrale i sagalitteraturen. I tillegg får vi med oss dei viktigaste minnesmerka knytte til Shetlandsgjengen under krigen.

Vi legg opp til vandreturar på om lag 2-4 timar i relativt lett terreng dei fleste dagane. Vandreturane kan klassifiserast som relativt lette, medan nokre av dei går på umerka stiar i litt ujamt terreng.

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 7. juni - Velkommen til Shetland

    Direktefly frå Bergen til Sumburgh på Shetland. I Sumburgh ventar bussen på oss og køyrer gjennom eit vakkert og skiftande landskap til den vesle bygda Brae, der vi sjekkar inn på hotellet vi skal bu på under heile opphaldet på Shetland.

    Gjennom dei neste dagane skal vi bli betre kjende med dette øyriket som var så sentralt i det gamle Noregsveldet. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Norge til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringsferder mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom skipa hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst, og Harald annekterte både Orknøyane og Hjaltland. Framleis er spora etter vikingane mange på Shetland, og dette skal vi utforske både til fots og med buss dei neste dagane.

    Denne dagen kan det vere lurt å ete lunsj på Flesland, eller ta med seg litt snacks i sekken, då ein ikkje er framme på hotellet på Shetland før tidleg ettermiddag.

    Fellesmiddag på hotellet om kvelden.  
    (M)

  • Dag 2: Søndag 8. juni - Eshaness og vandring i Brae

    Etter ein god frukost tek bussen oss ein liten halvtime nordvestover til Eshaness. Her skal vi gå ein 2-timars tur med utgangspunkt frå fyret der. Dette er ein av dei vakraste kyststrekningane på Shetland med høge klipper og imponerande steinformasjonar danna av havet som står hardt på her. Etter turen køyrer bussen oss til ein stad der vi kan kjøpe oss lunsj.

    Etterpå legg vi opp til ein vandretur i Brae, for å sjå på Mavis Grind, som ligg rett overfor bygda. Dette er ei lita landstripe der ein på eine sida har Atlanterhavet, og på den andre sida Nordsjøen. Vi ruslar tilbake til hotellet.

    Fellesmiddag om kvelden.
    (F, M)

    Søndag 8. juni - Eshaness og vandring i Brae
  • Dag 3: Måndag 9. juni - Unst

    Heildagstur til Unst som er den nordlegaste av øyane som utgjer Shetland. For å komme dit skal vi ta to ferjer, så det blir tidleg frukost før vi dreg frå hotellet. Bussen tek oss heilt til nordspissen av Unst der det blir ein ca. 3 timars vandretur til det nordlegaste punktet i Storbritannia. Denne dagen er skildra av tidlegare deltakarar som den finaste på heile turen.

    Hotellet tilbyr oss å kjøpe med oss matpakkar frå frukostbufféen, og denne dagen er det ikkje mange kaféar undervegs, så her må ein ha med seg matpakke (ikkje inkludert). Reiseleiar informerer om andre dagar det er nødvendig med matpakke.

    Middag på hotellet om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 4: Tysdag 10. juni - Ronas Hill og Long Ayre

    Etter ein god frukost er vi klare for dagens vandretur. I dag skal vi vandre i området rundt Shetlands høgste punkt Ronas Hill. Fjellet (eller åsen for oss nordmenn) ligg 450 m over havet og er plassert litt nord for der vi bur, på Northmavine. Om det ikkje er tåke denne dagen, vil vi kunne gå heile vegen opp til fjelltoppen.

    På denne delen av Shetland er landskapet prega av raud granitt eller batholitt. Området er også rikt på arktiske og alpine plantar. Desse har truleg overlevd her frå før siste istid (om lag 10 000 år sidan). Frå Ronas Hill går turen nedover mot stranda Long Ayre, og i den siste delen vandrar vi gjennom ein ravine, der eit tau kan vere til hjelp. Sjølve stranda ligg vakkert til mot storhavet. Den raude sanden og steinen her gjer stranda heilt spesiell, og er ei vakker og noko skjult naturperle. Buss tilbake til Brae om ettermiddagen og fellesmiddag på hotellet om kvelden .
    (F, M)

  • Dag 5: Onsdag 11. juni - Scalloway

    Etter frukost køyrer bussen oss til Scalloway som var hovudbasen for Shetlandsgjengen. Her finn vi også Scalloway castle frå 1600-talet. Vi gir oss god tid i byen og stoppar ved monumentet som er sett opp til minne over nordmenn som miste livet på Shetlandsfarten. I tillegg får vi med oss Scalloway museum som har ei avdeling om Shetlandsfarten. Museet vart opna i 2012 av dåverande statsminister Jens Stoltenberg. Vi anbefalar å kjøpe med seg matpakke denne dagen (ikkje inkludert).  På tidleg ettermiddag reiser vi tilbake til hotellet vårt.

    Om ettermiddagen kan ein slappe av på hotellet, ta ein vandretur langs stranda eller rusle rundt i den koselege bygda Brae. Det vil også bli ein litt tidleg middag denne dagen, sidan mange ønsker å melde seg på kveldsutflukta til Mousa.

    Kveldsutflukt til øya Mousa for å sjå stormsvalar (tillegg i pris).
    Om kvelden køyrer bussen oss søraust over til Leebitton i Sandwick, og derifrå tek vi ferja til øya Mousa, der det er ingen som bur i dag. Mousa (Mosøy) og Mousa Broch (Mosøyborga) har ei lang og  spennande historie og er nemnde både i Egilssoga og Orknøyingsoga. I Egilssoga står det om Bjørn Brynjolvsson frå Aurland som ville gifte seg med Tora Ladhand, systera til Tore Roaldsson i Fjordane. Korkje bror hennar eller far til Bjørn ville late han gifte seg med henne, og han tok henne difor med seg og rømde frå Noreg. Dei kom ut for uroleg sjø og fekk skipet skadd ved øya Mousa, men fekk berga skipet i land. Der flytte dei inn i borga (Mousa Broch). Om hausten kom det eit skip frå Orknøyane. Folka på skipet fortalde at kong Harald hadde sendt bod om at Bjørn skulle drepast. Bjørn og Tora gifte seg på Shetland og overvintra i Mousa Broch. Så snart våren kom ,og det var råd å segle, for dei nordover. Dei kom til Island og gjekk i land i Borgarfjord, der dei fekk bu på garden til Skallagrim. Med tida vart det forlik mellom Bjørn og Tore, og Bjørn og huslyden hans kunne dra heim att til Sogn. Tårnet der Bjørn og Tora overnatta står enno, og vandreturen vår på øya går sjølvsagt innom denne attraksjonen.

    I dag er øya hekkestad for Storbritannia sin største koloni av stormsvaler, og  i tillegg finst det mange andre sjøfuglar som hekkar her. Vi skal vere på øya i 2-3 timar, så vi har god tid til å vandre rundt i skumringa og sjå oss om. Transport tilbake til hotellet seint om kvelden.
    (F, M)

  • Dag 6: Torsdag 12. juni - Lerwick

    Denne dagen startar vi roleg med god frukost og tid til å slappe av. Litt ut på føremiddagen køyrer bussen oss til Lerwick. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar, ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi startar med ei kort guiding i sentrumsgatene og endar opp på Shetland Museum and Archives. Dette flotte museet tek for seg heile historia til Shetland frå den geologiske danninga fram til i dag.

    Lunsj på ein av dei koselege kaféane og tid etterpå til å utforske byen på eiga hand. Det er triveleg å vandre langs gatene og i hamneområdet, og her kan ein også finne gater der scener frå påskekrimen «Shetland» vart spelte inn. Byen er kjend for å ha mange butikkar med varierande utval, så her er det også sjanse til litt shopping. Lokale ølsortar og ginen Shetland Reel er også verd å prøve.

    Buss tilbake til hotellet i Brae på sein ettermiddagen. Fellesmiddag på hotellet.
    (F, M)

  • Dag 7: Fredag 13. juni - Jarlshof og St. Ninian’s Isle

    Etter frukost køyrer bussen oss sørover til berømte Jarlshof. I 1897 vaska ei rekke harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein stor busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard. Vi gir oss god tid inne på området, og i besøkssenteret er det utstilt fleire gjenstandar som er funne rundt ruinane. Vi går også opp til fyrtårnet Sumburgh Head, som ligg på sørspissen av Shetland.

    Etter besøket på Jarlshof går vi til det historiske Sumburgh Hotel, der vi skal ha lunsj. Deretter køyrer bussen oss til St. Ninian’s Isle, ei lita øy som er knytt til Mainland med ein sandbanke, ein såkalla tombolo. Øya er spesielt kjend for sølvskatten som vart funnen her i 1958. Her går vi ein rundtur på ca. 2 timar i eit opent, grønt landskap langs vakre sandstrender.

    Buss tilbake til hotellet vårt i Brae, der det blir avslutningsmiddag.
    (F, L, M)

    Fredag 13. juni - Jarlshof og St. Ninian’s Isle
  • Dag 8: Laurdag 14. juni - Heimreise

    Dagen for heimreisa. Etter ein tidleg frukost, tek bussen oss til flyplassen. Direktefly til Bergen.
    (F)

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
7/6BergenShetlandFullbooka, venteliste25 950,-Book på ventelisteMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo