Skip to main content

Vår i Skottland

12. - 16. mai. 2025.

Bli med på ei herleg reise til Skottland med eit svært variert program. På denne turen skal vi besøke og få omvising på Stirling Castle, som er eitt av dei mest ikoniske slotta i Skottland. Det har ei rik historie og mange attraksjonar som den store hallen, kapellet og dei vakre hagane. Vi får også høvet til å besøke Falkirk Wheel, som viser ein unik og imponerande ingeniørkunst. Når vi først er i Skottland, må vi sjølvsagt få kunnskap om gin og whisky og smake på desse edle dråpane. Over eitt par dagar kan vi  by på rundtur både i Glasgow og Edinburgh i vårsola, og ein båttur på  vakre Loch Lomond høyrer med. 

Under opphaldet bur vi på Stirling Highland Hotel. Det er eit sjarmerande fire-stjerners hotell med ei rik historie og plassert i hjarta av Stirling. 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Måndag 12.mai - Stirling Castle

    Vi startar programmet så snart vi har landa ved Edinburgh, og bussen vår tek oss til Stirling Highland Hotel der vi skal bu under heile opphaldet. Det er eit sjarmerande fire-stjerners hotell med ei rik historie og er plassert i hjarta av byen Stirling. Hotellet har 96 rom, inkludert premium- og deluxe-rom, alle utstyrt med moderne fasilitetar som flatskjerm-TV og gratis Wi-Fi.  Hotellet har spa med fire behandlingsrom, eit 17 meter langt innandørs oppvarma basseng, badstue, dampbad og eit fullt utstyrt treningssenter. På taket av hotellet finn du eit observatorium frå 1889, som framleis er i bruk og tilbyr turar for gjestene. Her et vi lunsj før vi fortset programmet for dagen.

    Vi ruslar saman til Stirling Castle, der vi får omvising. Dette er eitt av dei viktigaste middelalderslotta i landet. I dei skotske sjølvstendekrigane på 1300-talet, der heltar som William Wallace og Robert the Bruce deltok, spelte slottet ei særs viktig rolle. Det var elles ein kongeleg residens i fleire hundreår og var favorittslottet til fleire kongar. Her vil du høyre om den blodige historia til Stirling Castle, inkludert forteljingar om kongar, dronningar og spøkelse der gjennom tidene. Turen startar på esplanaden, der guiden vil fortelje om opphavet og historia til slottet. Stirling Castle voks saman med skotsk historie og var ei scene for mange avgjerande hendingar.

    Inne i slottet vil guiden ta oss med til det kongelege palasset, der kongar og dronningar ein gong budde. Dette bygget var det første renessansepalasset i Storbritannia, og vi får høyre om den store hallen der dei kongelege festane vart feira.

    På 1500-talet var John Damian kjend som “fuglemannen” på Stirling Castle. Han ønskte å fly til Frankrike, men nokre små hindringar stoppa han. I dag er denne festninga full av historie, legender og kanskje nokre spøkelse. I tillegg identifiserte den engelske sogeforteljaren William av Worcester Stirling Castle som heimstaden til riddarane av det runde bordet til kong Arthur.

    Etter besøket på slottet kan ein nytte ettermiddagen i nærområdet på eiga hand. Vi et felles middag på hotellet vårt om kvelden.

    (L ,M)

  • Dag 2: Tysdag 13. mai - Falkirk Wheel og whiskey

    Etter frukost på hotellet gjer vi oss klare for utflukt.Falkirk Wheel er unik og imponerande skotsk ingeniørkunst. Det er verdas einaste roterande båtheis, og koplar saman Forth & Clyde-kanalen med Union-kanalen. Heisen opna i 2002 som ein del av Millennium Link-prosjektet, som hadde som mål å gjenopne kanalar som hadde vore stengde sidan 1930-talet.

    På ettermiddagen besøker vi Stirling Distillery, der vi får ei omvising og smaksprøvar på gin og whisky. Stirling Distillery er ei lita familieeigd bedrift som lagar handlaga gin og whisky i den historiske bygningen “Old Smiddy” ved foten av Stirling Castle. Destilleriet opna sommaren 2019 og tilbyr daglege omvisingar som inkluderer smaksprøver av produkta deira.

    Stirling Distillery er kjent for sin klassiske gin basert på brennesle, og dei har også ein uavhengig whiskyserie.

    Vi et felles middag på hotellet om kvelden.

    (F, M)

  • Dag 3: Onsdag 14. mai - Loch Lomond og Glasgow

    Etter frukost tek vi ein båttur på Loch Lomond, den største innsjøen i Storbritannia. Innsjøen er kjend for sine vakre øyar og det nærliggjande landskapet . Vi nyt den fantastiske utsikta og den friske lufta.

    Vidare på programmet står lunsj på Mharsanta Restaurant, som tilbyr autentisk skotsk mat laga av lokale råvarer. Her kan vi nyte tradisjonelle rettar og  kose oss på den hyggelege restauranten.  Deretter blir det byvandring i Glasgow med ein lokal guide.  Denne byen er full av historie, kultur og vakker arkitektur, og vi får med oss fleire av høgdepunkta under vandringa. Det er George Square, hjarta av Glasgow som er omgitt av imponerande bygningar som Glasgow City Chambers. Plassen er ofte vert for arrangement og festivalar. Elles kan vi nemne Glasgow Cathedral, ein gotisk bygning frå 1100-talet, kjend for sin vakre arkitektur og historiske verdi. Ved sidan av katedralen får vi også med oss Necropolis, ein viktoriansk gravlund med flott utsikt over byen.

    Vi møtest til middag på hotellet om kvelden.                                    

    (F, L, M)

  • Dag 4: Torsdag 15. mai - Edinburgh

    Etter frukost tek bussen oss til Edinburgh, hovudstaden i Skottland. Her får vi ei omvising i byen som også inkluderer Royal Mile. Det er ei historisk gate i Edinburgh som strekker seg frå Edinburgh Castle til Palace of Holyroodhouse og er omtrent ei skotsk mil lang.

    Royal Mile består av fleire delar: Castlehill, Lawnmarket, High Street, Canongate og Abbey Strand. Gata er også kjend for sine smale smug og høge bygningar som fortel historier frå fleire hundre år tilbake. Her kan vi få glimt av blant anna St Giles’ Cathedral, ein vakker katedral med imponerande arkitektur og historisk verdi. Gjennom Mary King’s Close, ein underjordisk labyrint av gater og hus,  får vi innblikk i livet i Edinburgh på 1600-talet. Kanskje går vi forbi John Knox House, eitt av dei eldste husa i Edinburgh, knytt til den skotske reformatoren John Knox.

    Vi avsluttar turen med tid til å utforske byen på eiga hand, kanskje du vil sjå The Royal Botanic Garden, ein vakker hage med eit breitt utval av planter frå heile verda, perfekt for ein avslappande spasertur. Eller kva med Edinburgh Castle? Denne ikoniske borga ligg på toppen av Castle Rock og tilbyr fantastisk utsikt over byen. Her kan du sjå kronjuvelane og det historiske St. Margaret’s Chapel. Finn deg ein plass i vårsola for å nyte ein nydeleg lunsj og sjå på det yrande bylivet.Spør reiseleiar om kva som er verdt å besøkje før bussen køyrer oss tilbake til Stirling. 

    Vi et felles middag om kvelden ved hotellet.

    (F, M)

  • Dag 5: Fredag 16. mai - Heimreise

    Etter frukost og utsjekking tek bussen oss til flyplassen for heimreise. 

    (F)

     

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
12/5Oslo Stirling Highland HotelMeir enn 816 990,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo