Skip to main content

Vin og vandring i Toscana

24. - 31. mai  2025. 

Opplev vakre Toscana i vårsol til fots! Dei guida vandreturane våre går i det vakre landskapet, gjennom eit lett kupert område med nydelege dalar og frodig natur. På nokre av turdagane stoppar vi på eit utval av vingardar, og eitt av høgdepunkta for mange vil nok vere Chianti-området med sine berømte vinar. Vi tek ein dagspause frå vandringa og opplever Firenze, denne byen som er så berømt med kunstskattar og staselege kyrkjer. Der har vi med ein dugande svensktalande lokal guide som ivrar etter å dele kunnskapen sin med oss.

Vi bur godt på Hotel Ambrosiano, eit sjarmerande hotell sentralt plassert i Montecantini Terme. Her finn vi restaurantar og moglegheiter for shopping. Hugs å ta med badekle då Montecantini Terme nemleg er kjent for kurbad. Kva med å bruke kviledagen til eit skikkeleg kurbad? Det er elles gode høve for shopping.

Turane er frå lett til middels nivå og går langs mindre vegar, grusvegar og stiar i eit variert landskap utan for store høgdeforskjellar. Vandringane er på rundt tre til fire timar og 5-8 km lange i roleg tempo.

 

 

Søk

Dagsprogram

  • Atterhald om endringar

    Teiknforklaring for måltid inkludert i prisen:
    (F) Frukost
    (L) Lunsj
    (M) Middag

  • Dag 1: Laurdag 24. mai - Framme i Montecantini

    Vi landar ved flyplassen i Pisa, og bussen køyrer oss til Hotell Ambrosiano i
    Montecantini.

    Dette er eit koseleg 4-stjernes hotell med 65 rom som kombinerer eleganse og modernitet. Romma har klimaanlegg, smart-TV, Wi-Fi og minibar.

    Restauranten i første etasje tilbyr ulike toskanske menyar kvar dag. Sidan sommaren 2020 har hotellet blitt utvida med kafé “Matau”, som byr på ein ung og dynamisk atmosfære både inne og ute. Innandørsbassenget er oppvarma og har eit område for hydromassasje og solterrasse. Badehette er påkrevd.

    Etter innsjekkinga møtest vi for felles middag, informasjon og presentasjon på hotellet.
    (M)

  • Dag 2: Søndag 25. mai - Montecarlo

    Vi startar dagen med frukost på hotellet før vi legg ut på vandring i Montecarlo. Montecatini Terme er eit flott utgangspunkt med mange vakre stiar og ruter som let oss utforske det toskanske landskapet. Dette er ein tur som kombinerer vandring og besøk på vingardar. Det første besøket på ein vingard er Fattoria il Poggio. Vingarden der ligg på ei høgd med 360 graders utsikt til landsbyar med kjende namn frå vinverda. Her skal vi få smake eit utval av vinar, olivenolje, og i tillegg får vi noko å ete.

    Ettermiddagen kan ein bruke på eiga hand i byen før vi et middag på hotellet vårt.
    (F, M)

  • Dag 3: Måndag 26. mai - Kultur i Firenze

    Etter frukost og ein kort togtur til Firenze, står guiden vår klar til å fortelje oss alt du måtte undre deg over i den fantastiske kulturbyen. Den  er også  kjend som Florence, hovudstad i regionen Toscana. Byen har eit imponerande tal med framifrå museum, palass og kyrkjer. Firenze har vore ein viktig by sidan mellomalderen og var ein av dei rikaste byane i Europa på 1400-talet. Den er kjend for sine mange kunstnarar som Michelangelo, Leonardo da Vinci og Botticelli, som alle har sett sitt preg på byen. Firenze er ein viktig turistby og blir omtala som renessansens vogge, og det historiske senteret står på UNESCO si verdsarvliste.

    Ettermiddagen har vi til eigen disposisjon. Kanskje du vil nytte deg av moglegheitene for spa, kurbad, shopping eller ei kulinarisk oppleving? Spør gjerne reiseleiar om tips.
    (F)

    Måndag 26. mai - Kultur i Firenze
  • Dag 4: Tysdag. 27. mai - Chianti

    Denne dagen kan du kle deg for ein lengre tur! Vi fortset vandreprogrammet, og turen denne dagen går frå Panzano til Greve. Det er ei vakker oppleving, då turen tek oss gjennom store område med vinranker og olivenlundar. Vi kan blant anna sjå  Montefioralle, ein liten sjarmerande landsby som ligg på ei høgde mellom Panzano og Greve. Den vesle landsbyen er kjend for sine smale gater og mellomalderarkitektur. Vi endar vandringa på den flotte vingarden Castello di Verrazzano, der dei  produserer ei samling raudvinar frå Chianti-gruppa, inkludert druesortane Sangiovese, Canaiolo og Colorino. Vingarden  ligg i eit steinrikt jordsmonn med kalkstein, og dei praktiserer organisk gjødsling og handplukking av druene. Etter omvisinga får vi smake på  både vinane og olivenoljen deira.

    Om kvelden kan gruppa avtale å møtast for å ete middag saman på ein restaurant i nærleiken av  hotellet.
    (F)

  • Dag 5: Onsdag 28. mai - Fritid

    Denne dagen nyttar du på eiga hand.

    Kva med ein dagstur til kysten eller shopping i Pisa? Mange kan nok bli freista til å prøve kurbad og spa etter fleire dagar på vandring. Kva med å besøke det berømte termiske badet Terme Tettucciosine og nyte det lækjande vatnet? Vi kan også foreslå Funicolare di Montecatini Terme. Her kan du ta den historiske taubanen opp til Montecatini Alto, ein sjarmerande mellomalderlandsby med fantastisk utsikt over Toscana. I den vakre parken Parco delle Terme kan du ta ein spasertur, som er perfekt for ein roleg dag med avslapping og piknik. Du står fritt til å velje program for dagen sjølv. Spør gjerne reiseleiar om tips.
    (F)

  • Dag 6: Torsdag 29. mai - Akvedukt

    Nest siste vandringa tek til etter frukost, og i dag skal vi til Nottolini sin akvedukt i Lucca. Det er ei imponerande vandring, og på turen kan vi  sjå nokre av dei 460 bogane til det gamle akveduktsystemet frå den vakre byen Lucca til fjellområda. Soga fortel at det var 18 ekstra reine kjelder her. Akvedukten er om lag 3,2 km lang og omgitt av eit fantastisk landskap. Vi vandrar langs bogane til kjeldene som ligg på grøne åsar.

    Etter vandringa skal vi smake på seks vinar hjå Fattoria del Teso. Denne vingarden tilbyr eksklusive besøk og vinsmaking. I tillegg til å lage vin produserer dei grøn olivenolje frå eit nøye utval av oliven.

    Du står fritt til å velje kvar du et middag denne dagen. Kanskje har du sett deg ut ein sjarmerande liten restaurant i nærområdet?
    (F)

    Torsdag 29. mai - Akvedukt
  • Dag 7: Fredag 30. mai - Sitrus og vin

    Etter frukost tek vi fatt på turens siste vandring. Litt utanfor Montecatini Terme ligg feriestaden Buggiano i vakre omgjevnader. Buggiano har vore busett sidan antikken, først av ligurarane, deretter etruskarane og seinare romarane. Byen har mange historiske bygningar og monument, inkludert gamle kyrkjer og vakre villaer. Området rundt Buggiano er prega av bølgjande åsar, olivenlundar og vinmarker. Det er eit flott område for turgåing  med mange stiar som går gjennom det vakre toskanske landskapet. Denne delen av Toscana er og kjend for sitrusfrukthagane, og vi får høve til å besøke ein av dei vakre private hagane.

    Vi avsluttar vandringa med vinsmaking på Taverna del Vin Vino for så å gjere oss klare til felles tre-retters middag med drikke på Centrale Ristorante Pizzeria.
    (F, M)

  • Dag 8: Laurdag 31.mai - Avreise

    Etter ein lang og god frukost er det tid for utsjekking og avreise. Vi kan nytte tida før avreise i nærområdet før vi får felles transport til flyplassen på ettermiddag. Kanskje har du sett deg ut ein plass under opphaldet som du kunne tenke deg å besøke før bussen går?
    (F)

     

Kart

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadHotellLedige plassarFrå pris
24/5OsloMontecantiniMeir enn 819 950,-BestillMer informasjon
24/5Oppmøte Pisa/hotellMontecantini
Utan fly
Meir enn 815 700,-BestillMer informasjon
Kontakt oss
Våre telefontider er 09.00 til 12.00.
Adresse:
Fotefar Temareiser AS
Sognefjordvegen 40
6863 Leikanger
  • RGF Logo